Koronainformasjon

Tilbake til grønt nivå 

Skolane i Ålesund er per i dag på grønt nivå. Det betyr:

  • Vanleg organisering av skolekvardagen (Og ikkje behov for kohortar)
  • Unngå handhelsing og klemming
  • God hand- og hostehygiene
  • Halde seg heime ved nyoppståtte symptom og sjukdom, og låg terskel for å teste seg

Retningslinjer for Ålesund kommune for øvrige nærkontaktar

  • Alle bør følgje med på eigen helsetilstand i 10 dagar etter eksponering
  • Ved symptom bør ein halde seg heime og teste seg, uavhengig av vaksinasjonsstatus
  • Uvaksinerte øvrige nærkontaktar bør ta ein test så snart dei får beskjed om at dei er øvrig nærkontakt
  • Delvaksinerte, fullvaksinerte og personar som har gjennomgått covid-19 treng ikkje å teste seg med mindre ein får symptom

Smittekarantene for nære nærkontaktar

Den nye lokale forskrifta for Ålesund kommune, gjeldande frå 20.11, omtalar i §5 smittekarantene for husstandsmedlemmar og tilsvarande nære (t.d. kjærast). Karantenetida er på 7 dagar frå testdato hos påvist tilfelle.

Karantenen gjeld for fullvaksinerte, delvaksinerte og uvaksinerte, og det er ikkje mogleg å teste seg ut av karantenen.

Vi presiserer:

  • Skolen driv ikkje smittesporing, og det er ikkje skolen som set elevar og tilsette i karantene.
  • Den smitta melder inn påvist smitte til smittesporinga i kommunen.
  • Smittesporingsteamet har dialogen med den smitta og kartlegg situasjonen.
  • Ansvaret ligg på den smitta å informere husstandsmedlemmar og tilsvarande nære om påvist smitte.

Her er den nye forskrifta:
https://alesund.kommune.no/aktuelt/siste-nytt/alesund-og-sula-innforer-ny-lokal-forskrift.30511.aspx

Massetesting for ikkje fullvaksinerte

Ålesund kommune gjennomfører massetesting for dei som ikkje er fullvaksinerte. Pakkar med fem testar i kvar får du i resepsjonen på skolen, på kvar av lokalitetane våre.

For deg som deltar i dette må vi presisere at testinga skal skje heime om ettermiddagen måndagar og torsdagar, og ikkje på skolen!

Om testing generelt

Testing kan ein gjere med PCR-test ved ein teststasjon, eller sjølvtest (hurtigtest) heime. Testane skal vere merka for å vere godkjend.

Du kan bestille PCR-test her: https://alesund.kommune.no/helse-og-omsorg/korona/testing-for-koronavirus/

Hurtigtest blir levert ut ved alle innbyggartorg og på bilbioteka i Ålesund, Moa og Brattvåg.

Dersom hurtigtesten er positiv, send e-post til positiv-hurtigtest@alesund.kommune.no

E-posten må innehalde namn og telefonnummer. Smittesporingsteamet tar kontakt med deg.

Unntak frå fråværsregelen ut skoleåret

Elevar som har fravær av helsegrunnar, skal sleppe å gå til fastlegen for å få dokumentert fråværet. Unntaket frå regelverket gjeld ut skoleåret. Elevar under 18 år må likevel legge fram stadfesting frå ein forelder, mens myndige elevar kan legge fram eigenmelding.

Fravær av helsegrunnar omfattar alt helserelatert fråvær, blant anna sjukdom og skade, karantene eller isolasjon samt milde luftvegssymptom og sjukdomskjensle. 

Dersom eleven legg fram stadfesting frå ein forelder eller eigenmelding, skal fråværet:

  • ikkje førast som fravær på elevane sitt vitnemål og kompetansebevis
  • vere unnateke fråværsgrensa

Kontakt