Skoleåret er endeleg i gang

Måndag møtte 1500 spente elevar til første skoledag ved Ålesund vgs, delt på lokalitetane Fagerlia, Latinskolen og Volsdalsberga.

Skriv ut

Skolestart er alltid spennande, både for elevar, lærarar og andre tilsette. Særleg spente er gjerne Vg1-elevane.

Tre ting å hugse

Ved dei tre lokalitetane blei elevane trinnvis møtt av rektor eller ein av studierektorane, og bodskapen deira var den same for alle. Etter eit hjarteleg velkommen fekk elevane tre ting å ta med seg i sekken frå opninga:

  1. Alle er like mykje verd, og vi bryr oss om kvarandre.
  2. Innsats er viktig både for relasjonar og læring.
  3. Ha litt tolmod, og ver "open minded".

Etter felles opning blei elevane delt inn i klassane og hadde resten av dagen saman med kontaktlærarane sine.

God søking til skolen

Ålesund vgs er den største vidaregåande skolen i fylket, og har svært stor breidde i tilbod. Her er heile 9 utdanningsprogram. Ved fleire av tilboda er det stor oversøking, og heile 89 % av elevane som starta måndag har Ålesund vgs som førsteønske. 

Foreldremøte Vg1

Skolen inviterer til foreldremøte for Vg1 allereie denne veka, etter denne planen:

  • Latinskolen: Onsdag 24.8 kl. 17: ID
  • Volsdalsberga: Onsdag 24.8 kl. 17: IM, NA, SR
  • Fagerlia:
    • Torsdag 25.8 kl. 17: HO, TI, KDA, MDD 
    • Torsdag 25.8 kl. 18: ST inkl. internasjonal, forskar og toppidrett 

Foreldremøta blir i aulaen i Fagerlia, og i auditoria ved Latinskolen og Volsdalsberga. Skoleleiinga ønskjer alle velkommen, og ser fram til å møte føresette til Vg1-elevane. Etter ei felles opning er det lagt opp til møte per klasse mellom kontaktlærar og føresette. 

Kontakt